Jordmor på jorda DKS tilbud Høstscena torsdag 26. september kl 12:00 Parken Kulturhus
Jordmor på jorda DKS tilbud Høstscena torsdag 26. september kl 12:00 Parken Kulturhus
Vi åpner opp for flere billetter til Jordmor på Jorda under Høstscena i Ålesund!
Jordmor på jorda blir teater, med urpremiere 30. august 2024. Vi er glade for å kunne tilby Jordmor på jorda via Den kulturelle skolesekken i samarbeid med Teatret Vårt og Høstscena. Det utvidede tilbudet gjelder kun Ålesund. Her er det først til mølla som gjelder, påmeldingsfristen er satt til 1. september.
Eit livsdrama og mektig kvinneportrett av Edvard Hoem.
Edvard Hoems tippoldemor, Marta Kristine Nesje, gjekk i 1821 den lange vegen frå Romsdal til Christiania for å bli jordmor, medan tre barn og mannen hennar, Hans Nesje, venta på henne heime. Etter ni månader på jordmorskule gjekk ho heim igjen, og var i livets teneste i meir enn femti år. Ut ifrå få historiske fakta skriv Edvard Hoem fram livet i bygdene ved Romsdalsfjorden med stor dikterisk kraft. Jordmor på jorda er eit livsdrama og eit mektig kvinneportrett om husmannsdottera som nekta å bøye seg for bygdesnakket. Ei historie om kvinnesak og likestilling femti år før det vart ei politisk kampsak. I sentrum står jordmoras kamp mot skepsis og overtru, hennar stadig aukande ungeflokk og den traumatiserte ektemannen.
Jordmor på jorda er ikkje berre ei framsyning om framveksten av det viktige jordmoryrket, men òg ei påminning om at lykka og tragedien bur nær kvarandre, og at den store kjærleiken kan bli ei tyngande bør.
Sagt om romanen:
«Med dette storslåtte vakre kvinneportrett har Edvard Hoem gitt oss forhistorien til sin store romanserie om slekten på farssiden, og dens utvandring til Amerika».
Farstein Horgar, Adresseavisen
«drivande godt fortalt historie med ein detaljrikdom og anekdoter som kan ta pusten frå ein.»
Øystein Hauge, Romsdals Budstikke
«vakker, rørende og storslått… Nok en gang har Hoem forvandlet slektshistorie til gripende litteratur».
Marius Wulfsberg, NRK P2
«Glitrende kvinneportrett».
Sindre Hovenakk, VG
NYTTIG INFORMASJON
Varighet: Ca. 2,5 time inkl. pause
Maks antall DKS-billetter per spillested: 200 billetter Høstscena/Ålesund. Først til mølla som gjelder.
Skolemateriell vil bli sendt ut på forhånd.
SPILLESTED: Parken kulturhus, HØSTSCENA, Ålesund
TID: Torsdag 26. september kl. 12.00
FRIST FOR PÅMELDING 1. September