
RØYSTER
Festivalkunstnar Solveig Styve Holte presenterer eit nytt koreografisk verk ved Høstscena!
«Røyster» er eit nytt koreografisk arbeid av Solveig Styve Holte utvikla i samarbeid med dansekunstner og prøveleiar May Stene Fossheim, dansekunstner og utøvar Rina Rosenqvist, kostymedesigner Molly Raak, komponist og musiker Sofia Jernberg, samt 5 ungdomar frå Ålesund, Ørsta, Volda og Nordfjord som alle er med som utøverar. I prosjektet får ungdom erfare kunstproduksjon frå innsida gjennom arbeidet som utøvarar og i samarbeid med ei rekke profesjonelle kunstnarar innan dans, kostyme og musikk.
Kan kunsten vere ein stad for å utvikle og auke vår sensitivitet for kvarandre og omverda? I fleire kunstneriske arbeid har Holte interessert seg for korleis skape fleirstemmige felleskap der ulike viljer og røyster sameksisterer i det koreografiske uttrykket. I «Røyster» vert rørslene skapt i møte mellom ulike kroppar, i undersøkinga av å gi og ta i mot, av å berøre og bli berørt, bære og bli boren, rørsler som berre er mulige i samdansen med ein eller fleire andre kroppar. Røyster vert ei øving i sensitivitet overfor kvarandre og omverda, korleis vår eksistens er knytt saman og avhengig av andre for å halde fram.
«Røyster» er den første produksjonen av YKS Ung, eit nytt fleirårig kunstprosjekt knytt til Ysteholen Koreografiske Senter (YKS). YKS utvikles som ein tverrkunstnerisk produksjons, formidlings- og visningsarena og bygges opp i eksisterande gardsbebyggelse på Folkestad. Prosjektet YKS Ung bygger på tidlegare erfaringar med å arbeide med ungdom som utøverar som i verket «HORDE» skapt saman med koreograf Ingri Fiksdal til opninga av MUNCH i Oslo i 2021, med seinare versjonar utvikla i Kristiansand i 2022 og i Helsinki i 2023 og verket «Fortejlingar» utvikla til Dei nynorske festspela i 2011.
Arbeidet vises under Høstscena i samarbeid med Jugendstilsentret og KUBE.
Dato: Fredag 26.9
Tid: 18:00
Sted: Jugendstilsenteret og KUBE
Varighet: ca 40 min
Framsyninga er gratis, men krev påmelding
Kunstnerisk team:
Konsept, koreografi og kunstnarisk leiar:
Solveig Styve Holte
Framsyninga er utvikla saman med og framført av ungdomane:
Asiri Carlosdottir Perez, Elena Hertzberg Aidoni, Luna Walderhaug Lange, Mariia Stepanian, Marit Hovland
Dansar:
Rina Rosenqvist
Musikk komponert av:
Sofia Jernberg og Ole Morten Vågan
Framført av: Sofia Jernberg
Prøveleiar:
May Stene Fossheim
Kostyme og scenografi:
Molly Raak
Produsent:
Paula Lewe
Coprodusert av: tonehimmel, KUBE, Høstscena, Høgskulen i Volda og Kunsthøgskulen i Oslo
Takk til Amie Mbye, Helga Synnevåg Løvoll, Rose Martin, Venke Sortland, Bojana Cvejic og Sergej Pristas.
Støtta av: Norsk Kulturråd, Møre og Romsdal fylke.
Medverkande

Solveig Styve Holte
Festivalkunstnar og koreograf
Solveig Styve Holte (f. 1984) er dansar, koreograf og stipendiat ved Kunsthøgskolen i Oslo. Ho arbeider med koreografi i forlenging av arkivmateriale og utforskar utvida forståingar av forfattarskap. Holte skapar performative verk for museum, galleri, scenekunst- og offentlege rom, og har m.a. stått bak Frå form til famling (Henie Onstad Kunstsenter), Sixteen Dances (Rosendal Teater) og Undying – a handwork (Nasjonalmuseet). Ho er initiativtakar til YKS – Ysteholen Koreografiske Senter på Sunnmøre, og frå 2025 leiar ho kunstprosjektet YKS Ung. Holte er utdanna ved Den Norske Balletthøgskole, Skolen for Samtidsdans og har master i koreografi frå KHIO. Ho er fra 2025 tildelt femårig arbeidsstipend frå Statens Kunstnerstipend.