Programtekst 2020
Av Mette Karlsvik
PAUSE
Pust roleg. Puste roleg no. Puste, pause.
Pust inn når du slappar av. Pust ut når du anstrenger deg. Den som pustar ut taklar smerta betre. Ei pause i smertene. Vi står framleis i spenn. Har ikkje øva oss, var ikkje budd på pandemien. Kva gjer ein med svært smittsam virussjukdom? Statsleiarar krisemaksimerte, fekk panikk, og stengde grensene. Dei sa vi skulle halde oss heime. Vi fann kvar våre løysingar i kvar våre rom i kvar våre hus og kvar våre byar, regionar, land. Avstanden blei våre nærmaste.
Andelegheit er pragmatisk.
Andelegheit er å puste. Gud er pust,
den heilage ande surstoff,
og respirator transcedens.
Pust inn, sirkulasjon av blod til hjernen, hjernehalvdelar pratar saman. Spinner opp dramatiske historier, og rantar lange lyriske passasjar. Seier ei og anna setning som gir fleire meiningar men ikkje så mange meiningar at dei blir meiningslause. Lagar eit stort rom for assosiasjonar. Fantasi er pragmatisk, er termisk teori: Slik vatn treng større plass når det er tilførd energi, utvidar fiksjonens kraft hjernen. Vatn blir til damp når det varmast opp. Damp treng større plass enn vatn. Tankar som er lada av fantasiens styrke treng ei stor scene. Scena, eit pusterom.
Her sit vi i same rom. Ein meter mellom stolane våre. Vi opplever same kunst, og ser likevel kvar våre verk i verket. Vi snappar etter pusten, andar inn. Teater er på mange måtar pragmatikk, når ein ser nærme nok,
er teatret distraksjon og assosiasjon. Fellesskap og samhøyrigheit. Er smertelindring. Og bud om endring.
Årets programtekst er ført i pennen av forfatter og journalist Mette Karlsvik(f. 1978). Ho er utdanna ved Universitetet i Bergen, og hatt vikariat i aviser som D2, Morgenbladet og BT-Magasinet, og skriv fast for blad som Syn og Segn og Bokvennen litterær avis. Karlsvik har gitt ut 16 bøker (skjønnlitteratur og sakprosa for vaksne og barn).
KONTAKTINFO:
siri@hostscena.no
Besøksadresse: Lorkenesgt. 2, 6002 Ålesund
Postadresse: Postboks 349, 6001 Ålesund