
SOLVEIG STYVE HOLTE ER ÅRETS FESTIVALKUNSTNAR!
«Å VEVE TID»
Onsdag 24. september kl. 18.00 inviterer Solveig Styve Holte til opningsframsyninga «Å veve tid». Her knyter koreografen saman ei rekkje soloverk kalla «Non-desired objekts / Arbeid eg aldri ynskte meg». I desse verka blir spørsmåla hennar om korleis ein kan skapa og utvikla koreografi, vevde saman med refleksjonar kring kvar vi skaper frå, og det sårbare vilkåret det er å vere menneske – der det å skape vert ei kontinuerleg handling av oppretthalding og overleving.
Saman med Jugendstilsenteret og KUBE er vi vertskap for sluttpresentasjonen til Solveig Styve Holte av doktorgradsarbeidet hennar i koreografi ved Kunsthøgskulen i Oslo. I tillegg til opninga viser Solveig framsyningane «Frå form til famling» og «Røyster». Sistnemnde er utvikla i samarbeid med unge dansarar frå regionen.
Foto: Tale Hendnes. Film: Mateo Christensen
Filmen er laget i forbindelse med festivalåpningen av utstillingen «Flukt – Frihet. Sidsel Colbiørnsen», KUBE. Utstillingen er åpen 10.4 – 14.9 2025.