
FESTIVALÅPNING – Å VEVE TID
Performance av og med festivalkunstnar Solveig Styve Holte
Å veve tid er tittelen på Solveig Styve Holte sin sluttpresentasjon av doktorgradsarbeidet hennar i koreografi ved avdeling Dans ved Kunsthøgskulen i Oslo Koreografi av eit arkiv av relasjonar: Singulariteter og det felles delte i dans.
Prosjektet utforskar koreografiske metodar og prosesser for bruk av arkiver i dans. Korleis kan koreografi eksistere som ein singularitet, som eit objekt som synleggjer historiske dansearkiv, observasjonsmodaliteter og arkiver av oppgåver og situasjonar? Kva om koreografi ikkje handlar om å finne opp nytt materiale, men om ein prosess av å komponere, arbeide med og synleggjere eksisterande materialar og relasjonar?
Forskinga har produsert nye koreografiske verk som er forstått som singularitetar gjennom bruk av eksisterande materiale, gripen av den handlekrafta materialet kan ha i forminga av verket. Ein kunstarleg skapingsprosess er alltid ein stad for referansar og påverkingar, og Holte ser det å sette namn på desse referansane som noko som verken forringer eller undergravar det kunstnarlege verket sin autonomi eller integritet. I staden kan det medverke å etablere eit breiare kunnskapsfelt innan dans og koreografi, og utfordre den historiske fetisjerte ideen om det originale geniale meisterverket, der man ikkje kan artikulere, diskutere eller spore det sine påverkingar.
Forskinga har utvikla seg langsetter to aksar. Den første aksen identifiserar Holde som den intersubjektiviteten som ligg i koreografiske prosesser. Meir presist undersøkjer ho korleis skape ein produktiv læringssituasjon i arbeidet der det som produserer veks fram mellom henne, som koreograf, og utøvaren/danseren/samarbeidspartneren, og korleis staden, konteksten og situasjonen fungerer som samskapande materialar i det kunstnariske arbeidet. Den andre aksen i forskinga, intertekstualitet, speglar interessa hennar for eksisterande materialar, funne dansehistoriske arkiv, funne former for komposisjonar og observasjonsmodalitetar, og å forstå og nærme seg desse som et felles delt i dans.
I opningsperformancen Å veve tid vert desse spørsmåla tatt inn i eit nytt soloarbeid og knytt saman med ei serie soloarbeid Holte har kalla «Non-desired objekts/ Arbeid eg aldri ynskte meg». I desse arbeidet veves spørsmåla hennar kring korleis skape og utvikle koreografi saman med spørsmål kring kvar vi skapar i frå og det sårbare vilkåret det er å vere menneske og der det å skape vert ei kontinuerlig handling av å oppretthalde og overleve.
Dato: Onsdag 24.9
Tid: 18:00
Sted: Jugendstilsentret og KUBE
Varighet: 30 min
Arrangementet er gratis, men krev påmelding
Med:
Solveig Styve Holte
Medvirkende

Solveig Styve Holte
Festivalkunstnar
Solveig Styve Holte (f. 1984) er dansar, koreograf og stipendiat ved Kunsthøgskolen i Oslo. Ho arbeider med koreografi i forlenging av arkivmateriale og utforskar utvida forståingar av forfattarskap. Holte skapar performative verk for museum, galleri, scenekunst- og offentlege rom, og har m.a. stått bak Frå form til famling (Henie Onstad Kunstsenter), Sixteen Dances (Rosendal Teater) og Undying – a handwork (Nasjonalmuseet).
Ho er initiativtakar til YKS – Ysteholen Koreografiske Senter på Sunnmøre, og frå 2025 leiar ho kunstprosjektet YKS Ung. Holte er utdanna ved Den Norske Balletthøgskole, Skolen for Samtidsdans og har master i koreografi frå KHIO. Ho er fra 2025 tildelt femårig arbeidsstipend frå Statens Kunstnerstipend.