Eit livsdrama og mektig kvinneportrett av Edvard Hoem

Edvard Hoems tippoldemor, Marta Kristine Nesje, gjekk i 1821 den lange vegen frå Romsdal til Christiania for å bli jordmor, medan tre barn og mannen hennar, Hans Nesje, venta på henne heime. Etter ni månader på jordmorskule gjekk ho heim igjen, og var i livets teneste i meir enn femti år.
Ut ifrå få historiske fakta skriv Edvard Hoem fram livet i bygdene ved Romsdalsfjorden med stor dikterisk kraft. Jordmor på jorda er eit livsdrama og eit mektig kvinneportrett om husmannsdottera som nekta å bøye seg for bygdesnakket. Ei historie om kvinnesak og likestilling femti år før det vart ei politisk kampsak. I sentrum står jordmoras kamp mot skepsis og overtru, hennar stadig aukande ungeflokk og den traumatiserte ektemannen.
Marta Kristine og Hans Nesje er opphav til den store etterslekta vi møtte i suksessframsyninga Slåttekar i himmelen, som Teatret Vårt tok til scena saman med Det Norske Teatret i 2020. Teatret Vårt følger denne hausten opp med ei ny storslått teaterframsyning basert på romanen Jordmor på jorda.
Marta Kristine visste kven ho var. Ho stod støtt både når mistrua mot henne som jordmor var sterk, og då mannen fekk utfordringar som var for store for han å bera. Livet hennar som jordmor er ein nær del av vår kulturhistorie.
Jordmor på jorda er ikkje berre ei framsyning om framveksten av det viktige jordmoryrket, men òg ei påminning om at lykka og tragedien bur nær kvarandre, og at den store kjærleiken kan bli ei tyngande bør.

Sagt om romanen:

«Med dette storslåtte vakre kvinneportrett har Edvard Hoem gitt oss forhistorien til sin store romanserie om slekten på farssiden, og dens utvandring til Amerika». Farstein Horgar, Adresseavisen

«drivande godt fortalt historie med ein detaljrikdom og anekdoter som kan ta pusten frå ein.» Øystein Hauge, Romsdals Budstikke
«vakker, rørende og storslått… Nok en gang har Hoem forvandlet slektshistorie til gripende litteratur». Marius Wulfsberg, NRK P2

«Glitrende kvinneportrett». Sindre Hovenakk, VG

Dato: Onsdag 25.9 
Tid: 19.00
Sted: Parken Kulturhus

Varighet: 2,5 t inkl. pause

Av:
Edvard Hoem

Dramatisert av:
Morten Borgersen og Kristian Lykkeslet Strømskag

Regissør:
Morten Borgersen

Scenograf og kostymedesignar:
Milja Salovaara

Komponist:
Henning Sommerro

Koreograf:
Stian Danielsen

Lysdesignar:
Geir Hovland

Med:
Kjersti Sandal, Bjørnar Lisether Teigen, Sara Fellman, Vidar Sandem, Johanna Mørck, Lars Melsæter Rydjord, Sigmund Olav Njøs Hovind

Stykket er produsert av Teatret Vårt.

Varighet: 2,5 t inkl. pause