FRÅ FORM TIL FAMLING

Koreografisk verk frå Festivalkunstnar Solveig Styve Holte

Frå Form til Famling er eit nytt koreografisk arbeid som tek utgangspunkt i dei materielle spora i arkivet etter Høvik ballett, det første frie profesjonelle dansekompaniet i Norge i nyare tid. Kompaniet eksisterte frå 1969 til 1989, og hadde Henie Onstad Kunstsenter på Høvikodden som fast tilhaldsstad. Samanlikna med musikk, teater, visuell kunst og litteratur frå same periode er den tidlige dansekunsten lite dokumentert, men noko finst. Prosjektet har arbeidd med foto og filmmateriale frå den første perioden frå 1969 til 1975, og tittelen er ei reversering av NRK-programmet Fra famling til form fra 1969, den første filmdokumentasjonen av kompaniet.

Koreografien er utvikla i et nært samarbeid og gjennom ei fleirårig utforsking med dansekunstnarane Ilse Ghekiere, Terje Tjøme Mossige, Magdalene Solli og Per Roar. Musikken er nyskriven og framført av Ane Marthe Sørlien Holen, Jan Martin Smørdal og Kristine Tjøgersen, kostyme og det visuelle ved Solveig Fagermo, lysdesign av Elisabeth Kjeldahl Nilsson og lyddesign Nikolai Høgseth. Kunstnarane møter spora av det originale materialet i vår samtid, og undrar seg over kva kropper og hendingar som fekk vere nærverande og fråverande i historieforteljinga om Høvik ballett. I dette resonansrommet veks det fram ein flerstemmig vev av nye forgreiningar.

Frå form til Famling skjedde som en tverrkunstnerisk performance over flere timar ute og inne på Henie Onstad Kunstsenter frå 2. til 5. november 2023 og verket vart nominert til Kritikarprisen i Dans i 2024.  Arbeidet er del av sluttresultatet til Solveig Styve Holte sitt Phd arbeid ved avdeling Dans ved Kunsthøgskolen i Oslo «Choreographing an Archive of Relations: Singularities and the Shared Commons in Dance».

«Frå form til famling» vert i Ålesund framført i relasjon til utvalde verk av Sidsel Colbjørnsen frå utstillinga «Flukt Frihet»

 Samarbeid mellom Høstscena og Juegnstilsenteret og KUBE.

 

Dato: Lørdag 27.9 og søndag 29.9
Tid: 12:00
Sted: Jugendstilsentret og KUBE

Varighet: 4 timer. Publikum kan kome og gå slik dei sjølv ynskjer gjennom forløpet. 

Performancen går over 4 timar frå startstidspunktet og strekker seg gjennom dei ulike romma av KUBE og ut til det omkringliggande byrommet og inviterte tilskodaren til en aktiv fundering over kvifor noko vert hugsa og anna vert gløymt.

Laurdag 27. september vert arbeidet framført på engelsk, søndag 28. september vert arbeidet framført på norsk.

Konsept og koreografi:
Solveig Styve Holte

Dans, tekst og koreografi utviklet i samarbeid med utøverne Ilse Ghekiere, Terje Tjøme Mossige,

Per Roar, Magdalene Solli

Musikk komponert og framført av Ane Marthe Sørlien Holen, Jan Martin Smørdal, Kristine Tjøgersen .
I Ålesund spelar Elena Perales Andreu for Kristine Tjøgersen 

Kostymedesign
Solveig Fagermo

Lysdesign
Elisabeth Kjeldahl Nilsson

Lyddesign
Nikolai Høgseth

Produsent
Kristin Skiftun

Foto
Josh Lake/ Tale Hendnes

Produksjonen var støtta av: Norsk Kulturråd, Fond for lyd og bilde, FFUK.
Framføringa i Ålesund er støtta av FFUK og Møre og Romsdal fylke, Høstscena og KUBE
Samproduksjon: Dansens Hus, Henie Onstad Kunstsenter, Kunsthøgskolen i Oslo

Takk til: Henie Onstad Kunstsenter, Sigrid Øverås Svendal ved Danseinformasjonen, NRK Arkivet, Nasjonalbiblioteket, Miriam Skjørten, Bojana Cvejic, Sergej Pristas, Marit Wadsten og Ingrid Fadnes og Hanna Kinn.