DANS
VILLSKAP
Søndag 27.9. 14:00
Villskap er eit nytt koreografisk arbeid av koreograf Solveig Styve Holte, utvikla saman med seks ungdomar i YKS Ung, komponistane Anja Lauvdal og Lars Ove Stene Fossheim, kostymedesigner Molly Raak og dansekunstnarane May Stene Fossheim, Ornilia Ubisse og Rina Rosenqvist. I YKS Ung får ungdom erfare kunstproduksjon frå innsida gjennom arbeidet som utøvarar og i samarbeid med ei rekke profesjonelle kunstnarar innan dans, kostyme og musikk.
Villskap kretsar kring det fleirrytmiske som finn stad i naturprosessar og korleis naturen tek tilbake eller har evna til å reparere seg sjølv etter menneskeskapte forsøk på kontroll og avgrensing. Kva om kroppane og fellesskapa våre har den same trongen – til å verte ville att, til å gje slepp og opne for meir komplekse former for samhandling, rytmar og forgreiningar?
Villskap er den andre produksjonen gjennom YKS Ung, eit fleirårig kunstprosjekt der ungdom får arbeide skapande og utøvande med profesjonelle kunstnarar, eit talent- og rekrutteringsprosjekt knytt til Ysteholen Koreografiske Senter (YKS). YKS utvikles som ein tverrkunstnerisk produksjons, formidlings- og visningsarena og bygges opp i eksisterande gardsbebyggelse på Folkestad. Prosjektet YKS Ung bygger på tidlegare erfaringar med å arbeide med ungdom som utøverar som i verket «HORDE» skapt saman med koreograf Ingri Fiksdal til opninga av MUNCH i Oslo i 2021, med seinare versjonar utvikla for Kilden i Kristiansand i 2022 og KIASMA i Helsinki i 2023 og verket «Forteljingar» utvikla til Dei nynorske festspela i 2011.
Villskap er eit nytt koreografisk arbeid av koreograf Solveig Styve Holte, utvikla saman med seks ungdomar i YKS Ung, komponistane Anja Lauvdal og Lars Ove Stene Fossheim, kostymedesigner Molly Raak og dansekunstnarane May Stene Fossheim, Ornilia Ubisse og Rina Rosenqvist. I YKS Ung får ungdom erfare kunstproduksjon frå innsida gjennom arbeidet som utøvarar og i samarbeid med ei rekke profesjonelle kunstnarar innan dans, kostyme og musikk.
Villskap...
Kunstnarisk team:
Konsept, koreografi og kunstnarisk leiar: Solveig Styve Holte
Profesjonell dansarar: Rina Rosenqvist og Ornilia Ubisse
Prøveleder: May Stene Fossheim
Komponist og musikarar:
Anja Lauvdal og Lars Ove Fossheim
Kostyme og scenografi: Molly Raak
Utøvarar: Marit Hovland, Ragna Hofset Kile, Luna Walderhaug Lange, Asiri Carlosdottir Perez, Jakobine Reite, Rina Rosenqvist, Cristy Donor Solis, og Ornilia Ubisse.
Kunstnariske samarbeidspartnarar : Sommarljom, KUBE, Høstscena og Moldejazz
Premiere 16. juli 2026 under Moldejazz
Produsert av YKS
Referansegruppe: Venke Sortland, Helga Løvoll, Rose Martin, Amie Mbye