Foto: Erika Hebbert

EIRIK FAUSKE ER ÅRETS FESTIVALKUNSTNER!

Eirik Fauske er ein norsk dramatikar, regissør og produsent. Som dramatikar har han skrive for større teater som Det Norske teatret, Haugesund teater, Trøndelag teater, både sjølvstendige tekster og gjendiktingar og nyskrivingar av Shakespeare, Fassbinder, og Bibelen. 
 
I produksjonen LIVE – Sorgarbeid frå 2016 skreiv han sorgtekster live frå scena, medan ein større teaterinstallasjon utfalda seg foran eit lesande publikum.
 
LINDÅS frå 2012 borra han i sin eigen oppveksthistorie satt opp mot oljeverksemda i Nordhordaland, i ei kvasidokumentarisk framsyning der skodespelarane spelte hans eigen familie.
 
I Fauske sine eigenproduksjonar, kombinerer han ofte det lokale og det poetiske, med humor og fleirtydighet, og både utfordrar og tilbyr publikum fleire måtar å sjå på. 

KONTAKTINFO:
post@hostscena.no
Besøksadresse: Lorkenesgt. 2, 6002 Ålesund
Postadresse: Postboks 349, 6001 Ålesund