hostscena.no

www.hostscena.no

FAMILIEFORESTILLING: Ungdomslaget Fram

SKJØNNHETEN OG UDYRET

Juniorteatergruppa i Ungdomslaget Fram tar publikum med storm, med Disney’s familiemusikal «Skjønnheten og Udyret».

Det var ein gong for lenge lenge sidan, i eit land langt langt borte. Der levde det ein vakker prins i eit skinande slott. Sjølv om han hadde alt han ønska seg, var Prinsen ein sjølvopptatt og uhøffleg ung mann. Ei vinternatt kom ei gammal tiggerkone til slottet. Ho ville gi Prinsen ei raud rose som betaling for ei natt husly mot den bitande kulda. Fråstøytt av hennar motbydelege utsjånad, flira Prinsen og sendte kona på dør, men ho advara han mot å vere opptatt av det ytre, for ekte skjønnheit kjem innanfrå. Og då han avviste ho nok ein gong, visna den gamle kona og avslørte ei vakker trollkvinne. Prinsen prøvde å unnskylde seg, men det var for seint. Ho hadde sett at det ikkje fanst kjærleik i hjartet hans. Som straff forvandla ho han til eit motbydeleg udyr, og kasta ein forbannelse over slottet og alle som bodde der…. Skamfull over sin groteske utsjånad låste udyret seg inne i slottet sitt. Hans einaste vindu til verda utanfor var ein magisk spegel. Rosa som kona hadde med var verkeleg ei magisk rose. Denne ville blomstre i mange år, og kunne han lære å elske ein annan, og sjølv bli elska igjen, innan det siste rosebladets fall ville forbannelsen bli broten. Dersom ikkje, var han dømt til å vere eit udyr til evig tid! Men etter som åra gjekk, mista prinsen alt håp, og lukka seg inne i seg sjølv. For kven kunne vel nokon gong lære å elske eit udyr??

 

Tid: Lørdag 30.September kl. 18:00
Sted: Parken Kulturhus

Pris: TBA[/ls_box]

Kjøp billett

SPONSORER

Kjell-Holm-Stiftelsen
Sunnmørsposten
Sparebanken-Møre
MR-fylkeskommune
Ålesund kommune