hostscena.no

www.hostscena.no

FORFATTER: Lars Petter Sveen

 

Torsdag 28. september kjem forfattar Lars Petter Sveen til Ålesund. Han fekk svært gode kritikkar og mange lesarar med si førre bok, «Guds Barn», og Morgenbladet har kåra han til ein av dei viktigaste unge forfattarane i landet. I haust er han aktuell med ny roman, «Fem stjerner», som det er knytt store forventningar til.

«Fem stjerner» handlar om barnesoldatane Aisha og Cali, som rømmer frå ein leir utanfor Mogadishu. Saman med tre andre forsøker dei å rømme gjennom Etiopia, Libya og over Middelhavet til Europa. Vi møter forfattaren til samtale om romanen.

Arrangementet skjer i samarbeid med Høstscena, og er del av serien «Avmakt», der vi spør kva som skjer med menneska som møter vansker og kriser som kjennest uoverkommelege, og korleis dette er ei sentral drivkraft i litteraturen.

Arrangementet er støtta av Stiftelsen Kjell Holm, Norsk forfattersentrums medlemsfond og Fritt Ord.

 

Tid: torsdag 28.9 kl 16:30.
Sted: Arbeideren
Pris: GRATIS

Kjøp billett

SPONSORER

Kjell-Holm-Stiftelsen
Sunnmørsposten
Sparebanken-Møre
MR-fylkeskommune
Ålesund kommune